Fredag 20. mars blir det fellestrening for KRIK Ulsteinvik us og vgs. Det blir til vanlige treningstider og samme plassen :) Oppdateringer om KRIK-skiweekendturen vi hadde kommer snart ;)
KRIK Ulsteinvik er ein av dei mange lokallaga på Sunnmøre. I Ulsteinvik er der to grupper; ei for ungdomsskule-trinnet, og ei for vidergåande og oppover. Denne heimesida er i hovudsak for vidaregåandegruppa.
I vidaregåandegruppa er vi ein fin gjeng på omlag 20-25 stk som møtar opp på samlingane våre som er annankvar fredag i gymsalen ved ungdomsskulen/barneskulen i Ulsteinvik. Her held vi på med div leikar og ballspel, og har også pause med andakt.
KRIK Ulsteinvik er eit ope miljø med låg terskel, så berre ta turen innom ;)
Mvh KRIK Ulsteinvik vidaregåande v/styret
Kva står KRIK eigentleg for?
KRIK står for kristen idrettskontakt. Dette er ein tverrkyrkjeleg organisasjon som blir styrt av eit hovedkontor i Oslo (Ullevål stadion)
Å ha det gøy og sosialt er det viktigaste på KRIK-samlingar. Derfor arrangerar vi også diverse turar med gruppa. Skiweekend til Strandafjellet er eit døme!
KRIKs seks hovudmål: -Bevisstgjere til kristent liv -Vinne menneske for Kristus -Gi veiledning om tru, etikk og idrett -Skape idrettsglede -Utfordre til å ta oppgåver og ansvar innan idrett og kyrkje -Utvikle personkontakt og vennskap
"Kristen Idrettskontakt ønsker å bevare, inspirere og vinne idrettsfolk til kristent liv både i idrettslag og menighet"