24 februar 2009

KRIK skiweekend

Hei :) Her kommer litt info om tur til Strandafjellet med KRIK Ulsteinvik:

Skiweekend til Stranda Skisenter &
Brunstad Ungdomssenter


Helga 13. - 15. mars skal dei to KRIK gruppene i Ulsteinvik saman med KRIK Hareid på skiweekend. Vi skal sove og opphalde oss på Brunstad Ungdomssenter,
og stå på / gå på ski på Stranda Skisenter.

Pris: 300kr for medlemmar i KRIK sentralt. (400kr viss ikkje du er medlem)
Dette inkluderer: Mat, reise og opphald inkludert. Ikkje heiskort.
Alle må ha med pengar for å betale turen og pengar til heiskort, kontant!! Betaling av det Skjer på brunstad/bussen. (pris for heiskort står på baksida)

Oppmøte: kl. 17.45 ved Fredheim/Kyrkja fredag 13. mars.
Vi satsar på å vere tilbake same plass, søndag 15. mars, kl 17.30
Derifra reiser vi med buss gjennom Eiksundsambandet, og tek ferje fra Hundeidvik til Festøya. Framme på Brunstad Ungdomssenter ca kl 20

Påmelding: Alle må levere påmelding innan 6.mars til Knut Einar Tokheim.
På sms: 48 17 01 06 E-post: knut.einar@tokheim.no
Dette må du ha med: Navn, Mobilnummer, Fødselsdato, Mobilnummer og namn til
føresett, antydning til om du skal opp i trekket eller ikkje, og eventueller allergiar.

Ta med:
Sovepose
Laken
Klesskift
Toalettsaker
KeyCard ( Må ha det for å stå i trekket, men kan kjøpast for 75,-)
skiutstyr
klede til å vere ute i snøen i
Extremt mykje godt humør
Litt godteri ?
Ting som kan hjelpe til med det sosiale ?
eit pålegg og eit brød
Pengar

Eit brød og eit pålegg: I år som i fjord, tek alle med seg eit brød, grovt eller fint, og eit pålegg.
For at ikkje alle skal ha med seg nugatti eller salami, tek:
Hareid KRIK: Søtt pålegg
Ulstein U-KRIK: Grønt og meieriprodukt (ikkje smør eller mjølk)
Ulstein V-KRIK: Salt pålegg

Spørsmål?:
Vegard Aksnes : 12345678
Anne-Kristin Viseth: 12345678

Ps: Vi skal ikkje stoppe på ein butikk for å handle, slik vi gjorde i fjor,
så alle må ha handla inn fra før.


Pris for heiskort:

1 dag
Over 15 år: 285
Under 15 år: 215
2 dagar
Over 15 år: 520
Under 15 år: 390

PS! Hugs legitimasjon dersom du er under 15, viss ikkje kan du risikere å måtte betale voksen.
Det finst selvfølgelig fleire typar kort. (timeskort, klippekort osv,)
du kan sjå prisar for dette på strandafjellet.no
Viss du har tenkt å gå på langrenn, slepp du heiskort

Planlagt program: Programmet slik det er tenkt:

Kl: Kva:
Fredag
17.45 Avreise (ikkje oppmøte) fra Fredheim i Ulsteinvik
19.30 Ferje: Festøya – Hundeidvik
ca 20 Ankomst Brunstad Ungdomssenter. Innkvartering
22 Kveldsavslutning
00.30 Ro

Laurdag
Vekking
9.00 Frukost med ord for dagen
ca 9.45 Avreise til bakken
Felles oppvarming/leikar i bakken
16.00 Avreise fra Stranda Skisenter til Brunstad
ca 17.30 Middag
19.30 Kosestund med aktivitetar og leikar
21.30 Kveldsavslutning
Kakao og svele
00.30 Ro

Søndag
Vekking
8.00 Frukost
Rydde og pakke
10.00 Avreise til trekket
Oppvarming/leikar i bakken
15.15 Heimreise frå Skisenteret.
Ferje Hundeidvik – Festøya kl 16.35
ca 17.30 Ankomst Ulsteinvik

Dette blir knall! See you there ;)

Ingen kommentarer: