I morgon - fredag er det klart for ny samling i hallen! Alle er hjartevarmt velkomne! Vi vil starte kl 20.00 som vanleg, i den same hallen som vanleg..
Ser ut til at Tobias og co har planar etter samling........?
Vil så absolutt minne om påmelding på nyttårsleiren EXPLORE!! I skrivande stund er allereie 750 stk som er påmelde. Ver lynrask å melde deg på.. Vi er nokon som har meldt oss på, så du er ikkje åleine frå ytre søre kysten som er der isofall;) Det er for lang tid til neste samling, viss ein ville melde seg på der. Leiren blir truleg nok full før den tid.. Så ver no lynrask med tankane og meld deg på!!!:)
KRIK Ulsteinvik er ein av dei mange lokallaga på Sunnmøre. I Ulsteinvik er der to grupper; ei for ungdomsskule-trinnet, og ei for vidergåande og oppover. Denne heimesida er i hovudsak for vidaregåandegruppa.
I vidaregåandegruppa er vi ein fin gjeng på omlag 20-25 stk som møtar opp på samlingane våre som er annankvar fredag i gymsalen ved ungdomsskulen/barneskulen i Ulsteinvik. Her held vi på med div leikar og ballspel, og har også pause med andakt.
KRIK Ulsteinvik er eit ope miljø med låg terskel, så berre ta turen innom ;)
Mvh KRIK Ulsteinvik vidaregåande v/styret
Kva står KRIK eigentleg for?
KRIK står for kristen idrettskontakt. Dette er ein tverrkyrkjeleg organisasjon som blir styrt av eit hovedkontor i Oslo (Ullevål stadion)
Å ha det gøy og sosialt er det viktigaste på KRIK-samlingar. Derfor arrangerar vi også diverse turar med gruppa. Skiweekend til Strandafjellet er eit døme!
KRIKs seks hovudmål: -Bevisstgjere til kristent liv -Vinne menneske for Kristus -Gi veiledning om tru, etikk og idrett -Skape idrettsglede -Utfordre til å ta oppgåver og ansvar innan idrett og kyrkje -Utvikle personkontakt og vennskap
"Kristen Idrettskontakt ønsker å bevare, inspirere og vinne idrettsfolk til kristent liv både i idrettslag og menighet"