25 oktober 2006

Neste KRIK-samling ++

Neste KRIK-samling blir f.k. fredag kl 20.00 i hallen ved ungdomskulen som vanleg. Det blir like skøy som alltid, og vi har alltid noko på lur...:)

Eg (Pjotr Tjaikovskijv) , Aaassmund Lundefugl og Olga Vikebakkovskij reiser longfarande til den store KRIK-Konferansen i hovestaden denne dagen. Dette gjer vi for å få nokon glitrande og oppmuntrande inntrykk om korleis det er å drive lokallag:) Vi kjem tilbake på neste KRIK samling med friske og ferske inntrykk som vi kanskje vonar å dele med dykk?




NB! Påmeldinga på nyttårsleiren; EXPLORE, har byrja. Dykk kan vitje nettsida, www.krik.no/explore , for påmelding og anna informasjon.
Det vil også bli lagt ut påmeldingsliste på KRIK-samlingane.
Vi vil ha med oss flest mogleg på dette arrangementet,
for det blir EXtremt, aPpLauderande, Ofyselig knallbRa dEt!

Vi har mange brosjyrer som du kan få på samlinga, viss du vil ha med deg ein ven, eller to?..


Mvh
Peider

13 oktober 2006

Vi tek ikkje ferie...

Vi i KRIK-Ulsteinvik tek ikkje ferie!
Det vert samling i hallen i kveld kl. 20.00 som vanleg!
Det blir mykje skøy og moro. Vi vonar at alle dei som ikkje er på ferie tek turen på KRIK i kveld!
Kanskje vi får sjå gamle kjente?

KOM!!